To change the text size, hold down the Ctrl/Cmd key and press + to enlarge or - to reduce

News

Servogear styrkar staben!

15.02.2021

Industrimekanikar (automatikar) og lærling

Frist: Snarest

Hovudoppgåver


  • Montering, reparasjon og overhaling av våre gir- og propellanlegg
  • Ambassadør for Servogear i samband med oppstartar og servicearbeid over heile verda.

 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som industrimekanikar og/eller automatikar, fortrinnsvis med erfaring frå LEAN produksjon
  • Erfaring med arbeid på gir- og propellanlegg er ei føremon
  • Erfaring og trivsel med reiseverksemd i inn- og utland er ei føremon
  • Gode kommunikasjonseigenskaper, både skriftlege og munnlege

Som person

  • Er du fleksibel, positiv og opptatt av å skape gode relasjonar til både interne og eksterne kundar
  • Likar du å jobbe i team, men også sjølvstendig
  • Trivest du med hektiske, varierte og spanande arbeidsdagar
  • Er du ein fagleg sterk mekanikar og/eller automatikar

Kva me kan tilby

 

  • Trivelege kollegaer
  • Utfordrande og utviklande arbeidsoppgåver
  • Spanande og framtidsretta produkt
  • Konkurransedyktige vilkår


Lærling

  • Me søkjer også etter deg som vil ta fagbrev som industrimekanikar
  • Me kan love deg ei variert og spanande læretid

Om arbeidsgjevaren

Servogear spesialiserer seg på gir og propellanlegg til hurtiggåande båtar. Våre energieffektive og miljøvennlege framdriftssystem gjev kundar over heile verda lågare drivstofforbruk og -utslepp. Kombinert med høg trekkraft får du fleksible og effektive fartøy som er lette å manøvrera. Servogear vart etablert i 1973 på Rubbestadneset i Bømlo kommune, og me er i overkant av 40 "Servogeara" tilsette.

Våre verdiar: Tillit - Engasjement - Kompetanse (TEK)

Spørsmål om stillingane

Kontaktperson: Terje Husa/Stian Håvik

Mobil: 916 22 918/484 72 500

E-post: th@servogear.no/stianh@servogear.no

Servogear AS, Brubakken 73, 5420 Rubbestadneset | www.servogear.no | 53 42 39 50